|
På dette nettstedet:
Lenker:
American Petroleum Institute
dn.no - energi |
Ivar Fylling har sendt oss følgjande gode innlegg om biobrensel. Artikkelen stod opphavleg på trykk i Adresseavisen i slutten av mai.
Biobrensel - blindvei som klimatiltak Av Ivar Fylling Adresseavisen har 24.5 eit tosiders oppslag 'Med fersk skog på tanken'. Konflikt med matproduksjon blir nemnd, men miljøgevinsten blir 'tatt for gitt': "Selv om man sparer miljøet ved kjøp av slike biler, gir det ingen økonomisk gevinst". Eg går ut frå at 'sparer miljøet' her betyr 'gir mindre CO2-utslepp'. Meir brenning av biobrensel gir meir CO2 til atmosfæren, ikkje mindre. Dersom det er viktig å redusere CO2-utslepp, så må vi redusere brenning av hydrokarbon; av ved, kol, olje, gass, etanol og biodiesel – og vi må stimulere CO2-bindinga (fotosyntesen) med større grøntareal. Dette er ikkje komplisert. Ei anna sak er at olje og gass er i ferd med å bli mangelvare, globalt. Vi kjem til å brenne alt vi får ut. Biobrenselet vil kome i tillegg, og CO2-utsleppet frå dette er tilleggsbelastning på atmosfæren, ikkje gevinst. At vi bør utnytte ein del av bioenergien er ei anna sak. Dei tidlegare oppslaga i Adressa 14.3, 22.3 og 20.4 om biobrensel som varmekjelde trur eg viser ein meir fornuftig bruk av veden. Overskrifta i Adresseavisen 24.5 ”Den kan bli et godt supplement mens vi venter på hydrogensamfunnet”. Eg er ikkje sikker på kva slag samfunn dette er, men hydrogen gir ikkje energi, og det vil ikkje løyse noko miljøproblem knytta til atmosfærisk forurensning. Det ser ut til at mange har latt seg lure av at brenning av hydrogen og oksygen gir vatn. For å produsere hydrogen trengst (litt) meir energi enn den vi får tilbake når vi brenn hydrogenet. Hydrogen kan lagast av naturgass, men CO2-produksjonen i denne prosessen er like stor som ved brenning av gassen, energiutnyttinga er truleg lågare og transporten vanskelegare. Ingen miljøgevinst. Hydrogen kan og lagast med elektrolyse av vatn. Til dette trengst elektrisk energi. Som mekanisk energi (motordrift, varmepumper) er elektrisiteten ei meir 'verdifull' energiform, enn kjemisk energi. Omforming av elektrisitet til hydrogen og tilbake til elektrisitet gir eit betydeleg tap i form av varme. Ingen miljøgevinst. Det som gir gevinst, og som samtidig 'sparer miljøet', er noko så enkelt som å kjøpe mindre drivstoff, byte til mindre bil med mindre motor, og finne eit meir nærliggande feriemål. Kan vi finne noko mindre energikrevjande å bruke ein større del av velstanden på? Omsorg, utdanning, (lokal) kultur?
|